mandag 9. mai 2011

Dramatisk diktning



Sverre Udnæs definerar dramatisk dikting som når to menneske med forskjellige tankar og snakkar forskjellig møtes. Då får du drama.

Det som gjer ein historie til eit drama er måten historia blir fortalt på. Drama er eit verk som vist gjennom det personane seier. Disse hovudpersonane kan ha ulike meiningar, som ofte kan føre til konflikt.
Det me kjennar som det klassiske drama kjem heilt frå antikken. Filosofen Aristotoles beskreiv det greske dramaet i det som kan sjåast som den klassiske komposisjonen.  Hans tankar og hans oppskrift har hatt stor innflytelse på dramatikk i seinare tid.

Noko av det som kjenneteiknar dramatisk dikting er måten stykket er bygd opp på, samt dei tydelige konfliktane. 

I byrjinga vart personane presentert og som oftast også ein konflikt. I sjølve hovuddelen blir konflikten utviklet, og det oppstår eit vendepunkt. Mot slutten blir konflikten løyst. Enten med positive eller negative følgjer. Om avslutninga er negativ kallar me det ein tragedie. Som oftast dør hovudpersonen/ane i tragedie. Om avslutninga er positiv vil de vera ein komedie. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar