torsdag 26. mai 2011

SARAS NØKKEL

Denne boken bringer oss tilbake til andreverdskrig. Saras jødiske familie blir frakta bort under den kjente oppsamlinga av Jødar i Paris i 1942. Ved en god tanke låser unge Sara litlebroren inn i eit hemmeleg skap. Ho ynskjer alt godt for broren. Ti år gamle Sara forstår ikkje at denne ferda ikkje er ein liten ferie, men eit reint helvete. Sara legger nøkkelen til skapet i lommen, overbevist på at ho snart vil komme heim og redde litlebroren. Denne historiske rassiaen av jødar er seinare kjent som Vél d’Hiv.

Parallelt i boka får me møte Julia, ei amerikansk kvinne gift med ein franskmann og busett i Paris. Ho er journalist og blir bedt om å skrive ein artikkel med bakgrunn frå 60-årsmarkeringen for Vél d’Hiv. Julia blir besett av historier frå denne tragiske hendinga. Ho graver djupar og djupare, finn fakta som ingen aldri har vist om, og personar verda har gløymt fants. Gjennom prosessen snublar ho over Saras gripande historie. Det vises at hennar egen svigarfamilie spiller ein stor rolle i historia. Julia Jarmond blir oppslukt av Saras historie og nye tragediar dukkar opp, men er det for seint å få tilgiving for fortida?

"Saras Nøkkel," gitt ut i 2008

Det har vorte skreve tusentals av historier om andreverdskrig. Ein kan kanskje tru at verda har gått lei av jødeforfølginga og Sachenhausen. Slik er det ikkje med ”Saras Nøkkel,” dette er ein original historie som er gripande og følsam. Forfattaren behandlar sitt stoff med respekt og det blir ikkje lett underholdning, men ein sterk og utrykksfull bok. Dette er ikkje berre ein historie, men en bok som betyr mykje i samfunnet i dag. Den har ingen dødpunkt, men mange nedturar. 
Det er ei trist bok som gjer deg oppmerksam på verkelegheita. Boka er ein av mange viktige element som hjelp oss til å ikkje gløyme fortida. Tatiana de Rosna har skrevet en bok som dei aller fleste kjem til å blir påverka av. Ho skriv seg rett til suksess. Ikkje forhast deg, ta deg god tid og sparles. Det er ein roman som fortener mange lesarar. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar