onsdag 12. januar 2011

Nyttårstale 2011

Første januar, to tusen og elleve: Statsminister Jens Stoltenberg held sin sjette nyttårstale. Mange såg og høyrte på den årlege talen, men det er kanskje ikkje alle som har gjort opp si eiga meining om punkta han tok opp. Statsministeren hadde seks hovudpunkt som handla om alt frå nye pensjonsorningar til Afghanistan.

Statsministeren begynner talen sin med ein kort introduksjon av årets viktigaste jubileum. Det er 100 år sidan Roald Amundsen planta det norske flagget på Sørpolen og sette Noreg på verdskartet. Han brukar denne historiske hendinga til å framheva norsk stoltheit og identitet. Det viste seg at eit lite land kunne utrette store ting. Stoltenberg knyter denne hendinga opp til dagens miljøproblem og om smeltinga av isen rundt Sørpolen. Dette er eit sentralt og viktig tema som handlar om samarbeid.

Stoltenberg samanliknar Noreg i 1911 og Noreg i dag. Me har gått frå å vera eit land som folk ville reisa frå, til eit land som folk vil reisa til. Forandringa av Noreg har vore stor, og det er den eldre generasjonen som har opplevd dette i høgast grad.

Han brukar stor plass til å snakka om dei eldre, om nye pensjonsordingar og om korleis dei eldre må ha omsorg for sine endå eldre foreldre. Han ser på motsetninga til korleis det var før, då dei eldre nesten ikkje hadde pensjonsalder. Den nye pensjonsordninga skal sikra dei gamle den hjelpande handa dei treng. Han poengterer at den nye pensjonsordninga også skal vera til fordel for kvinner og med lågare stillingsbrøkar. Han heidrar kvinnene sitt arbeid opp gjennom åra. 

Som nest siste punkt nemner statsministeren soldatane som har sin teneste i Afghanistan. Han minnes dei falne og hedrar dei som ga sine liv for fred i Afghanistan og for ei tryggare verd. For hundre år sidan var det Amundsen som var helten; i dag meiner han at det er mennene og kvinnene som tenestegjer i Afghanistan som er heltane.

Det siste temaet handlar om kor bra dei siste tiåra har vore trass i krigane i Afghanistan og Irak. I dag er det fleire menneske enn nokon gong som lever i frie samfunn, og fleire hundre millionar menneske har blitt løfta ut av fattigdommen. Som eit eksempel nemner han at talet hiv-smitta har for første gong gått ned.

Kjelde: http://www.regjeringen.no/
Hovudbodskapen til Stoltenberg er forandringane som har skjedd i løpet av det siste hundreåret. Noreg har bygd seg opp til å verta eit rikt land. Eg oppfattar at Stoltenberg vil me skal vera stolte av landet vårt og at me skal vera bevisste på kor stor forandring eit lite land kan gjera. Me skal ha tru på framtida og det som følgjer.

På grunn av den fleksible pensjonsordninga kan feire av dei eldre som har helse til det, fortsette i arbeid. Denne generasjonen har viktige erfaringar som er viktige å halda på. Han meiner at det ikkje berre er olja som gjer Noreg til eit rikt land, men og at  det er menneska i landet som gjer den store skilnaden. Difor skal me ta godt vare på alle. Han endar talen sin med å seia: ”Menneskeheita skapar si eiga historie.” Me har ansvar for å skapa vår eiga framtid.

I byrjinga av talen brukar han historiske fakta som eit sterkt verkemiddel. Med dette skapar han gjenkjenning til hendingar me hugsar og lagar ein samanheng med det kjente og det nye. Han brukar visdomsord og utrykk som eit viktig verkemiddel, og det lagar variasjon i talen. Eksempel på dette er: ”Jo fleire i arbeid, jo meir velferd,” og: ”Menneskeheita skapar si eiga historie.”

Talen inneheld store avsnitt der han samanliknar Noreg både med seg sjølv før i tida, og med resten av den store verda. Han seier for eksempel: ”Det som særleg skil Noreg frå de fleste andre land, er at så mange kvinner vel å vera yrkesaktive.” For å få folk til å henge med i talen brukar han struktur. Talen hans er i ei kronologisk og logisk rekkefølgje. Talen er stødig og konsentrert, og han brukar ikkje for mykje unødvendig tid. Det at han er delt opp i mange mindre avsnitt, gjer han meir oversiktleg.
Jens Stoltenberg vel appellative og positive ord, og han gjev oss oppmuntring og motivasjon. Sjølv om talen er basert på fakta, klarer han å gjer den spennande. Den største grunnen til dette er eit variert språkbruk og han unngår gjentaking.

I første omgang kan det verka som om  Jens Stoltenberg berre hendvender seg til godt vaksne. Han tenkjer truleg at det er dei som er hovudmålgruppa. Han bruker over halvparten av talen sin på å snakka om kor mykje betre 2011 kjem til å blir for dei eldre. Stoltenberg seier i talen sin at det er dei gamle som har forandra og vore med på å bygga opp dagens Noreg, men er det ikkje like viktig å nemne dei som skal vera med på å bygga morgondagens Noreg? Han prøver sikkert å framheva kor godt førebilete dei eldre har vore og er for oss unge, men dette burde han ha framheva på ein tydelegare måte. Det verkar som om det meste skal vera til fordel for dei eldre og ikkje for oss ungdom.
Ved å bruke Egil ”Drillo” Olsen som eit ”kjendispopulært” eksempel, prøvar han å visa dei unge kor mykje bra dei godt vaksne har å bidra med. Dette er eit sterkt teikn på at alle punkt i talen er godt gjennomtenkte. Om me unge prøver å lese litt mellom linjene, vil me kunna sjå at mykje av det Stoltenberg nemner, gjeld ikkje berre dei eldre, men også dagens ungdom. Det er viktig at me unge får kunnskap om historia, og om utviklinga som har skjedd dei siste 100 åra. Dette er viktig forståing både for unge og for eldre.
Eg synest det er bra at statsministeren poengterer det positive i det meste, til og med Afghanistan og Irak. Me høyrer dagleg om ufred, fattigdom og livstruande sjukdommar. På nyheitene er det stadig det negative som blir lagt vekt på. Det er godt å høyra positive sider av slike saker, og me treng å vita at verda faktisk vert ein betre plass å bu.
Eg synest det er flott at Stoltenberg tek med miljøutfordringane og legg vekt på at me som er eit lite, land kan gjera ein stor skilnad. Med talen sin klarer han å oppmuntra oss til å forsetja å bruka pengar på å utrydde fattigdom, til hiv- forsking og ikkje mist til kamp for miljøet.
I tillegg til dette har historikarar og politiske kritikarar har kome med påstandar om lite historiekunnskap hos Stoltenberg: Det stemmer ikkje at Noreg var eit av dei fattigaste landa i byrjinga av 1900-talet, slik han legg til grunn for talen sin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar