søndag 6. februar 2011

Ei kjensle av makt

Kvar dag vakna eg av hans gode armer som strakk seg rundt meg. Han kviskra til øyret mitt: ”I dag skal du vera fryktlaus.” Der låg me, eg med mitt lange lyse hår som tvinna seg rundt oss. Det var aldri nokon som fekk røra håret mitt, då frika eg ut. Eigentleg minte eg meg sjølv litt om tornerose, redda av min eigen prins. Han måtte slita seg gjennom tornebuskar og kratt for å så klatra opp den lange vegen opp til mi verd. No er han her, og ingen skulle ta han frå meg.




Han fortalte meg at eg ikkje ville tilbake til mi gamle verd. Her føltes det ut som om eg sov i hundre år, han sa hundre og ti. Han meinte eg ikkje gjorde noko med livet mitt, kasta det bort. Det var ingenting å gjera, kvar dag satt eg der og såg gjennom takvindauget mitt.

*Eg såg på alle fuglane som flaug så fritt, eg sat der og ynskja eg var like fryktlause som dei. Andre gongar skulle eg ynskja eg var ein sporv, ein slik ein med blått bryst, dei er nydelige. Eg elska eigentleg dette rommet. Om du sit og ser ut lenge nok, legg du merke til at fuglane faktisk snakkar. Når eg tenkjer tilbake burde eg eigentleg kunne forstå ”sporve-språket,” sidan eg sat der heile dagane og beundra livet.
Han klaga over at eg sat på den harde trestolen dagen lang.  Han har rett, han har alltid rett når det handlar om meg. Eg sat der så lenge at ein kunne til slutt sjå merket av rumpa på stolen. Ja, eg sat der dag på dag, månad på månad, rommet vart mindre og mindre, eg sat der heilt til den dagen då han kom.
Han kom som ein vind og blåste porten opp. Han krinsa rundt i rommet før han endeleg traff meg rett i hjarta. Så hardt at eg fall av stolen, på det harde golvbelegget. Eg kunne kjenna korleis brystet mitt dunka. Han gjorde hjarta mitt så varmt at heile kroppen vart ein eldklump. Akkurat der og då forsto eg at alt skulle forandrast. Eg hadde forventninga om at dagane ikkje lenger skulle vera som eit svart hol, men fulle av hans kjærleik og hans mot. Eg måtte fjerna tomheita han hata, slik at han kunne elska heile meg.

*Innerst inne i bakhovudet kjente eg at det var noko gale. Det var ikkje slik det skulle ta for seg, han skulle ikkje berre plutseleg dukke opp. Han var ikkje meint til å vera her. Eg kjente at det var feil, eg måtte hindre han i å komma bakom meg. Han kunne ikkje få nå hit, den einaste delen som var igjen av den verkelege meg.
Varmen hans gjorde meg så sterk som eg aldri har vore. Eg skulle ikkje lenger vera den personen som vart kasta slush på i kvart friminutt, eg var på veg til å byggja eit image som aldri kunne knekkast. Han var til god hjelp, og hans mot smitta over på meg. Eg veit ikkje om det var fordi me alltid var nær kvarandre eller om det skylda rein kjærleik.

Han gjorde livet mitt så mykje enklare. Eg fekk etterkvart venar, sjølv om eg eigentleg ikkje er ein sosial person. Hans personlegdom slått saman med min, vart reine kjettingen. Jonas, Trude, Stian, Marthe, Are og han digga meg. Eg kunne seia akkurat det eg ville, og eg fekk dei til å gjere akkurat det eg ville. Han gav meg råd om korleis eg skulle få det slik eg ville. Eg kjente eg likte tanken på å vera sjef. Eg ville vera den personen han alltid hadde ønska eg var, den person som alle såg opp til og alle ville vera lik.

*Eg måtte få han vekk frå desse tankane, lura han. Eg kunne ikkje la dette gå utover dei einaste personane eg nokon gong har vore glad i. Mi glede var ikkje verdt deira framtid. For min del kunne eg gått  tilbake til krakken framfor takvindauget. Då slapp folk å bekymra seg, dei visste kor eg var, og eg kunne lura meg unna ubehagelige samtalar. Eg kunne ikkje la han påverka meg. Han var det verste som nokon gong har hendt meg, og eg hata han.
Han var den beste hjelpen eg kunne få. Om me var saman med gjengen, kunne han kviskra meg råd om korleis eg skulle få oppmerksamheita. Desse råda virka som skot. Det var som om dei stoppa opp. Alt vart stille, og dei vart som robotar, stemmane deira vart til datatonar og kroppen deira knirka når dei gjekk. Det vart så stille, nett som det er etter torevêr. Ein kunne høyra vinden susa forbi øyret. Han såg gleda i dei unge augo mine, gnisten i det skarpe blikket og armane mine som vart stokkar av hard tre. Eg strålte som aldri før, den kvite huda mi var som silke. Alt var så lett, ingen merka noko fordi ingen torde å seia noko. 

Kvar dag gjekk Jonas, Trude, Stian, Marthe heim og fortalte foreldra at dei hadde falt ned trappa på skulen eller sprunge på ein stolpe. Ingen våga å skylda på meg eller han. Dei møtte opp bak dei gamle skura kvar dag, klare til å byggje vidare på det som var på veg til å verta ein fryktlaus klan.
”Nå er du på god veg til å verta fryktlaus og sterk, bruk dine evner rett. Du skal snart bli berre min, og ingen andre sin,” kviskra han til meg. Eg følte meg på toppen av kloden, og var stolt som ein elefant mamma.

Eg og han møtte Jonas, Trude, Stian, Marthe bak dei gamle skura. Dei stod der som barn, klare til å matast. Berre eg gjentok orda han fortalte meg, gjorde dei det dei fekk beskjed om. Jonas var best til å nappe klede frå Cubus og Top Man, han kjente butikkane ut og inn. Stian var best med knyttneven, så han tok seg av butikkarbeidarane. Det såg så lekkert ut, som i ein einvegs brytekamp. Marthe hadde blitt ekspert på å snike med seg sminke. Trude hadde lært seg triks om lighter og brennstikker, ho var god å ha med på laget. Livet på kamelryggen vart snudd opp ned, no reid eg på ein galopphest. Gjennom byen i ein fart som ikkje kunne målast med noko. Han og eg fekk ikkje skuld i noko. Me regjerte i vår eiga galakse. Og eg og han var snart uadskillelege.

*Han grov seg lenger og lenger inn i meg. Eg kunne føle kor fort eg forsvann. Snart var det over. Snart overlappa han meg. Forandra meg til eit monster av ein person. Eg sakna stolen, fuglane, og dei tomme dagane. Eg hadde gjort mitt, no måtte eg berre la dagane komme. Langt bak alle tankane ynskja eg at nokon fann det ut, og hjalp meg tilbake.
Eg hugsar det var måndags morgon og me vakna til den same rutinen. Han kviskra: ”I dag skal du vera fryktlaus,” medan han heldt rundt meg. Eg reiste meg opp og såg ut i det mørke rommet. Sola hadde endå ikkje stått opp, han hadde vekt meg unormalt tidleg. Stemma hans drog meg med ut i den tomme gata. Eg hadde ei kjensle av at nokon såg på meg, studerte kvar ein bevegelse. Eg kjente ei stikkande smerte i brystet, og for fyrste gong etter å ha møtt han kjente eg ein rar kjensle av bekymring og redsel. Eg vart stressa og bevega meg febrilsk opp og ned gata. Det kjentest ut som om noko vart reven ut frå meg. Eg leita etter stemma hans, men fekk ingen svar. Kor var han?

Skodda låg langs bakken og ein kunne skimte månen midt på himmelen. Gatene var framleis tomme, det var så tidlig at til og med bakaren låg og sov. Eg planla å springe etter han, rett fram, så langt som eg kom, men beina mine var som støypt til asfalten. Ikkje ante eg kor han hadde tatt vegen og eg kjente redselen strøyme på. Eg kunne ikkje la han forsvinne no. Det var no me hadde nådd toppen. Eg såg ut i den ukjente lufta. Utan han, var eg ikkje lenger sikker, eg var vettskremt. Snudde meg rundt og rundt, smerta, angsten og tankane var uuthaldelege. Eg falt saman på asfalten. Der låg eg, skreik etter han, ynskja så inderleg at stemma hans kom tilbake. Utan han var eg berre tomrommet ingen såg. Kroppen min vart kald av den våte bakken. Tankane gjekk så fort at eg nesten ikkje klarte å fanga dei. Der låg eg mitt mellom han og meg, eg hadde to val.  

*Kroppen min hadde forstått det. Kjærleik gjer ein sterk og modig, men han var ikkje kjærleik, han var vondskap. Han omforma fuglane i hovudet mitt til djevlar. Alle delar i kroppen min utanom ein, trudde han var ein person, men no forstod kroppen min det, han var berre han. Ingen annan ein han. Der låg eg, mitt mellom han og meg, og eg hadde berre eit val.

av Ester Alemayehu Hatle februar 2011


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar