mandag 7. februar 2011

Mitt forhold til bilete


Kvar dag er eg innom sider som Weheartit, Facebook, Lookbook og på diverse bloggar. Alle disse sidene inneheld bilete av forskjellige slag. På facebook formidlar ein ofte gjennom bilete. Mange gongar er det slik ein veit kor vennane dine var i går eller kva du eigentleg gjorde i går. Eg synst det er kjekt å både sjå på bilete tatt av andre og å ta fotografi sjølv. Nokre periodar tar eg berre bilete av det eg gjer, tar speilrefleks kameraet  med i selskap og på skulen. I andre periodar tar eig meir arrangerte bilete der eg har bestemt eit motiv og har ein spesiell tanke bak det. Eg elskar kameraet mitt, saman med det har eg ein fridom til å skapa mi eiga verd.
Eg brukar fotografi som ein inspirasjon, ikkje berre til mine eigne bilete, men også som inspirasjon til antrekk, ferie og måltider. Det er omtrent eit år sidan eg fekk høyre om sidene WeHeartIt og Lookbook, nå er eg avhengig. På WeHeartIt finn du inspirasjonsbilete som er vakre å sjå på. Disse ulike bileta gjer noko med meg, dei får meg til å ynskje eg hadde slik som for eksempel kjærasteparet på WeHeartIt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar